Denne gongen skulle vi bruke sosiale media i eit undervisningsopplegg, noko som kan vere nokså utfordrande for skeptiske lærarar. Eg fann ut at eg ville begynne i det små ved å bruke digitale samskrivingsverktøy i engelsk, dels fordi at det ikkje var så radikalt og dels fordi eg føler eit behov for å variere skriveopplæringa i faget.
Pga kort tidsfrist valde eg å gå inn for Etherpad, eit enkelt men brukandes sosialt medium. Eg brukte det i to klasser: til idémyldring i den eine og gloseliste i den andre - for å sjå heile opplegget, klikk her. Nok ein gong fekk eg gleda av å introdusere eit nytt digitalt verktøy til elevane mine og kunne framstå som digitalt kompetent (i alle fall litt). Etter ei kort innføring var elevane godt i gang med oppgåvene. Den spontane reaksjonen var at det var kjekt, spesielt pga chat-funksjonen. Dei fekk lov å chatte fritt ei lita stund, og greidde å ha fagleg fokus etterpå. Sjølv syns eg og at det var interessant å planlegge og gjennomføre undervisningsopplegga.
I den skriftlege drøftingsoppgåva mi valde eg å inkludere undervisningsopplegget frå 1. arbeidskrav også. Då brukte vi Google doc i eit gruppearbeid om den engelskspråklege verden, sjå her for meir informasjon. Problemstillinga mi vert då:
Samskriving i engelskfaget ved bruk av Google docs og Etherpad - lærerikt, praktisk og kjekt?
Skriveprosessen var til tider frustrerande: pensum bøkene forsvann frå lærarrommet, eg sleit med å finne tid og ro til å skrive, visste ikkje korleis eg skulle vinkle oppgåva for å få flyt, kombinasjonen på 4-5 sider og 1200-1500 ord viste seg å vere vanskeleg og tidsfristen (i dag!) kom altfor fort. Men til slutt blei eg ferdig og mine nærmaste kan puste ut.
Lurer du på svaret på problemstillinga? Eg kan røpe så pass at eg kjem til å bruke samskriving i både Google docs og Etherpad igjen, men ikkje i kvar time og ikkje ukritisk.
Bloggen min er oppretta for kurset"IKT for vidaregåande skule" i regi av Høgskulen i Sogn og Fjordane.
lørdag 2. april 2011
torsdag 10. mars 2011
fredag 18. februar 2011
Pedagogisk bruk av Google dokumenter - 2. innlegg
Google dokumenter
Fordelar:
Google verktøyet er lett å lære, i alle fall viss ein er vant med dei meir avanserte Office programma som Word og PowerPoint. Terskelen for å bruke Google vert dermed lav for lærarar og elevar. Samtidig er det flott at ein t.d. kan byggje inn ein video i presentasjonen.
Deling av dokument er veldig bra. Altfor ofte får vi lærarar høyre ”kva ska vi gjere; Kari er sjuk og ho har all info på datamaskina si” – ein frustrerande situasjon for lærarar og elevar. Delingsfunksjonen i Google dokumenter er derfor glimrande for gruppe- og prosjektarbeid.
Mine elevar delte og dokumenta sine med meg, noko som gjorde det enklare for meg å gå inn å rettleie dei undervegs. Men her er det viktig at læraren ikkje blir for mykje av ein ”Big Brother” – elevane må ikkje føle at dei vert overvaka, men får relevant rettleiing når det trengs. Rettleiinga for gruppearbeida om den engelskspråklege verden hadde to hovudfokus: (1) mengda av informasjon (for mykje/for lite) og (2) bruk av eigne ord. Som Eritsland (2008, s. 188) peiker på, lar elevar seg ofte blende av kjeldene dei finn og bruker ikkje si eiga stemme nok.
Samskriving er ei fin funksjon som Word ikkje har. Fyrst opplevde eg det som forvirrande at nokon annan såg på mens eg skreiv eller skreiv mens eg skreiv, men samtidig var responsen eg både fekk og gav med på å forbetre opplæringsplanen vår. I klasserommet skjønte eg at elevane ikkje lar seg forstyrre på same måte – kanskje fordi dei er så vane med chatting? Men elevane dreiv nok med meir individuell skriving enn det som var planen - reell samskriving kom dei fleste til fyrst då dei begynte å bruke presentasjonsverktøyet. Gruppa som utmerka seg her hadde ein presentasjon skriven i fellesskap (jf Eritsland, 2008, s. 10) noko som var tydeleg i struktur, innhald og språk.
Ulemper:
Den største ulempa med Google dokumenter er sårbarheita pga at verktøyet er nettbasert. Erfaring tilseier at vi ofte har problem med nettet i skulekvardagen. Utan nett, ingen tilgang til Google kontoen.
I arbeidsprosessen fekk vi tekniske problem med tilgangen til dokumenter, spesielt i presentasjonsverktøyet. I tre av fire elevgrupper greidde ein av elevane ikkje å opne presentasjonen, sjølv om den var korrekt delt. Andre (lærargruppa inkludert) opplevde beskjeden ”The server is taking too long to respond, will try again in a minute” som nokså frustrerande. Det kan virke som om datakapasiteten ikkje strekkjer til når fleire jobbar med same dokument.
Som nynorskbrukar sakna eg retteprogram på målspråket mitt. For elevane som jobba på engelsk var dette ikkje eit problem, men vi lærarar etterlyste det når vi skreiv opplæringsplanen (ingen i gruppa vår har norsk som morsmål). Eg håper nynorsk kjem inn som språk snart; inntil det skjer kopierar eg inn teksten min i Word og kontrollerar den der.
Til tider vert Google verktøyet for enkelt samanlikna med dei meir avanserte Office programma. Mens vi jobba med opplæringsplanen hadde eg t.d. ynskt at tabell funksjonen i Google hadde vore litt meir som den i Word.
Blogg
I følgje FBI finst det no ca 350 000 norske bloggar, noko som fekk meg til å innsjå at det var på tide å lære korleis eg opprettar ein blogg og bruker forskjellige HTML-funksjonar. I tilegg har eg fleire elevar som bloggar, noko eg syns er spennande - det betyr at dei produserer mykje tekst i fritida (kanskje meir enn på skulen) og får respons på det dei skriv om. Sjølv har eg ikkje konkrete planar om å fortsetje med ein eigen blogg, men kan tenkje meg å bruke blogging i undervisninga. T.d. kunne tyskelevane skrive reisedagbok om opplevingar frå elevutvekslinga i Kiel - korte blogginnlegg med bilde el. video (jf Grüters og Langseth, 2009, s. 116-7).
Kjelder:
Eritsland, Alf Gunnar. Samskriving - Ny veg i skriveopplæringa. 2008. Oslo: Samlaget.
Forbrukerinspektørene (FBI) om blogging (vist på NRK 1 16.02.2011)
Grüters, Ruth og Langseth, Inger. "Å være digital i fremmedspråk". I Hildegunn Otnes: Å være digital i alle fag. 2009. Oslo: Universitetsforlaget.
Eritsland, Alf Gunnar. Samskriving - Ny veg i skriveopplæringa. 2008. Oslo: Samlaget.
Forbrukerinspektørene (FBI) om blogging (vist på NRK 1 16.02.2011)
Grüters, Ruth og Langseth, Inger. "Å være digital i fremmedspråk". I Hildegunn Otnes: Å være digital i alle fag. 2009. Oslo: Universitetsforlaget.
tirsdag 8. februar 2011
Pedagogisk bruk av Google dokumenter - 1. innlegg
I gruppa vår vert vi einige om å lage eit opplegg til temaet "den engelskspråklege verden" i Vg1 engelsk. Grunnen til dette valet var tredelt:
Gruppearbeidet om den engelskspråklege verden vert introdusert til elevane med ein Google presentasjon (sjå nede). Presentasjonen omfattar integrert video, lenkjer, bilde og tekst for å få vist fram eigenskapane til presentasjonsverktøyet.
Etter at elevane hadde valt grupper og land, fekk dei ein kort introduksjon til Google dokumenter. Fleire av elevane hadde allereie Google konto, andre oppretta konto i timen. Deretter laga ein elev i kvar gruppe ei mappe (oppkalt etter landet deira) som han el. ho delte med dei andre på gruppa og meg som lærar. Så fekk elevane prøve på oppretting av dokument og samskriving, før vi starta opp gruppearbeidet.
Korleis gjekk det? Sjå erfaringar i neste innlegg!
- den engelskspråklege verden er eit omfattande tema som vi ofte løyser med m.a. gruppearbeid - kanskje andre lærarar og kan ha nytte av opplegget vårt?
- vi såg fordelar med eigenskapane til Google dokumenter for eit slikt gruppearbeid, spesielt deling av og samskriving i dokument,
- ein av oss (eg) skulle akkurat til å begynne på temaet, noko som betydde at vi kunne gjennomføre opplegget i praksis, og på den måten få reelle erfaringar frå klasserommet.
Gruppearbeidet om den engelskspråklege verden vert introdusert til elevane med ein Google presentasjon (sjå nede). Presentasjonen omfattar integrert video, lenkjer, bilde og tekst for å få vist fram eigenskapane til presentasjonsverktøyet.
Etter at elevane hadde valt grupper og land, fekk dei ein kort introduksjon til Google dokumenter. Fleire av elevane hadde allereie Google konto, andre oppretta konto i timen. Deretter laga ein elev i kvar gruppe ei mappe (oppkalt etter landet deira) som han el. ho delte med dei andre på gruppa og meg som lærar. Så fekk elevane prøve på oppretting av dokument og samskriving, før vi starta opp gruppearbeidet.
Korleis gjekk det? Sjå erfaringar i neste innlegg!
onsdag 5. januar 2011
My first ever blog entry
Topic: Broken English
"The door is hard to get up" (Public toilet in Nordfjord, Norway)
More examples of funny mistakes
"The door is hard to get up" (Public toilet in Nordfjord, Norway)
More examples of funny mistakes
Abonner på:
Innlegg (Atom)

