lørdag 2. april 2011

2. Arbeidskrav - refleksjon over arbeidsprosessen

Denne gongen skulle vi bruke sosiale media i eit undervisningsopplegg, noko som kan vere nokså utfordrande for skeptiske lærarar. Eg fann ut at eg ville begynne i det små ved å bruke digitale samskrivingsverktøy i engelsk, dels fordi at det ikkje var så radikalt og dels fordi eg føler eit behov for å variere skriveopplæringa i faget.

Pga kort tidsfrist valde eg å gå inn for Etherpad, eit enkelt men brukandes sosialt medium. Eg brukte det i to klasser: til idémyldring i den eine og gloseliste i den andre - for å sjå heile opplegget, klikk her. Nok ein gong fekk eg gleda av å introdusere eit nytt digitalt verktøy til elevane mine og kunne framstå som digitalt kompetent (i alle fall litt). Etter ei kort innføring var elevane godt i gang med oppgåvene. Den spontane reaksjonen var at det var kjekt, spesielt pga chat-funksjonen. Dei fekk lov å chatte fritt ei lita stund, og greidde å ha fagleg fokus etterpå. Sjølv syns eg og at det var interessant å planlegge og gjennomføre undervisningsopplegga.

I den skriftlege drøftingsoppgåva mi valde eg å inkludere undervisningsopplegget frå 1. arbeidskrav også. Då brukte vi Google doc i eit gruppearbeid om den engelskspråklege verden, sjå her for meir informasjon. Problemstillinga mi vert då:
Samskriving i engelskfaget ved bruk av Google docs og Etherpad - lærerikt, praktisk og kjekt?

Skriveprosessen var til tider frustrerande: pensum bøkene forsvann frå lærarrommet, eg sleit med å finne tid og ro til å skrive, visste ikkje korleis eg skulle vinkle oppgåva for å få flyt, kombinasjonen på 4-5 sider og 1200-1500 ord viste seg å vere vanskeleg og tidsfristen (i dag!) kom altfor fort. Men til slutt blei eg ferdig og mine nærmaste kan puste ut.

Lurer du på svaret på problemstillinga? Eg kan røpe så pass at eg kjem til å bruke samskriving i både Google docs og Etherpad igjen, men ikkje i kvar time og ikkje ukritisk.