fredag 18. februar 2011

Pedagogisk bruk av Google dokumenter - 2. innlegg

Google dokumenter

Fordelar:
Google verktøyet er lett å lære, i alle fall viss ein er vant med dei meir avanserte Office programma som Word og PowerPoint. Terskelen for å bruke Google vert dermed lav for lærarar og elevar. Samtidig er det flott at ein t.d. kan byggje inn ein video i presentasjonen.  
Deling av dokument er veldig bra. Altfor ofte får vi lærarar høyre ”kva ska vi gjere; Kari er sjuk og ho har all info på datamaskina si” – ein frustrerande situasjon for lærarar og elevar. Delingsfunksjonen i Google dokumenter er derfor glimrande for gruppe- og prosjektarbeid.
Mine elevar delte og dokumenta sine med meg, noko som gjorde det enklare for meg å gå inn å rettleie dei undervegs. Men her er det viktig at læraren ikkje blir for mykje av ein ”Big Brother” – elevane må ikkje føle at dei vert overvaka, men får relevant rettleiing når det trengs. Rettleiinga for gruppearbeida om den engelskspråklege verden hadde to hovudfokus: (1) mengda av informasjon (for mykje/for lite) og (2) bruk av eigne ord. Som Eritsland (2008, s. 188) peiker på, lar elevar seg ofte blende av kjeldene dei finn og bruker ikkje si eiga stemme nok.
Samskriving er ei fin funksjon som Word ikkje har. Fyrst opplevde eg det som forvirrande at nokon annan såg på mens eg skreiv eller skreiv mens eg skreiv, men samtidig var responsen eg både fekk og gav med på å forbetre opplæringsplanen vår. I klasserommet skjønte eg at elevane ikkje lar seg forstyrre på same måte – kanskje fordi dei er så vane med chatting? Men elevane dreiv nok med meir individuell skriving enn det som var planen - reell samskriving kom dei fleste til fyrst då dei begynte å bruke presentasjonsverktøyet. Gruppa som utmerka seg her hadde ein presentasjon skriven i fellesskap (jf Eritsland, 2008, s. 10) noko som var tydeleg i struktur, innhald og språk.  
Ulemper:
Den største ulempa med Google dokumenter er sårbarheita pga at verktøyet er nettbasert. Erfaring tilseier at vi ofte har problem med nettet i skulekvardagen. Utan nett, ingen tilgang til Google kontoen.
I arbeidsprosessen fekk vi tekniske problem med tilgangen til dokumenter, spesielt i presentasjonsverktøyet. I tre av fire elevgrupper greidde ein av elevane ikkje å opne presentasjonen, sjølv om den var korrekt delt. Andre (lærargruppa inkludert) opplevde beskjeden ”The server is taking too long to respond, will try again in a minute” som nokså frustrerande. Det kan virke som om datakapasiteten ikkje strekkjer til når fleire jobbar med same dokument.
Som nynorskbrukar sakna eg retteprogram på målspråket mitt. For elevane som jobba på engelsk var dette ikkje eit problem, men vi lærarar etterlyste det når vi skreiv opplæringsplanen (ingen i gruppa vår har norsk som morsmål). Eg håper nynorsk kjem inn som språk snart; inntil det skjer kopierar eg inn teksten min i Word og kontrollerar den der.
Til tider vert Google verktøyet for enkelt samanlikna med dei meir avanserte Office programma. Mens vi jobba med opplæringsplanen hadde eg t.d. ynskt at tabell funksjonen i Google hadde vore litt meir som den i Word.    
Blogg
I følgje FBI finst det no ca 350 000 norske bloggar, noko som fekk meg til å innsjå at det var på tide å lære korleis eg opprettar ein blogg og bruker forskjellige HTML-funksjonar. I tilegg har eg fleire elevar som bloggar, noko eg syns er spennande - det betyr at dei produserer mykje tekst i fritida (kanskje meir enn på skulen) og får respons på det dei skriv om. Sjølv har eg ikkje konkrete planar om å fortsetje med ein eigen blogg, men kan tenkje meg å bruke blogging i undervisninga. T.d. kunne tyskelevane skrive reisedagbok om opplevingar frå elevutvekslinga i Kiel  - korte blogginnlegg med bilde el. video (jf Grüters og Langseth, 2009, s. 116-7).
Kjelder:
Eritsland, Alf Gunnar. Samskriving - Ny veg i skriveopplæringa. 2008. Oslo: Samlaget.

Forbrukerinspektørene (FBI) om blogging (vist på NRK 1 16.02.2011)
Grüters, Ruth og Langseth, Inger. "Å være digital i fremmedspråk". I Hildegunn Otnes: Å være digital i alle fag. 2009. Oslo: Universitetsforlaget.

tirsdag 8. februar 2011

Pedagogisk bruk av Google dokumenter - 1. innlegg

I gruppa vår vert vi einige om å lage eit opplegg til temaet "den engelskspråklege verden" i  Vg1 engelsk. Grunnen til dette valet var tredelt:
  1. den engelskspråklege verden er eit omfattande tema som vi ofte løyser med m.a. gruppearbeid - kanskje andre lærarar og kan ha nytte av opplegget vårt?
  2. vi såg fordelar med eigenskapane til Google dokumenter for eit slikt gruppearbeid, spesielt deling av og samskriving i  dokument,
  3. ein av oss (eg) skulle akkurat til å begynne på temaet, noko som betydde at vi kunne gjennomføre opplegget i praksis, og på den måten få reelle erfaringar frå klasserommet.  
Vedlagt Opplæringsplan fortel om rammene for opplegget. Opplæringsplanen er eit resultat av vår eigen deling av og samskriving i Google dokumenter; t.d. hadde vi ein lang diskusjon om vurderingskriteria på Google. 

Gruppearbeidet om den engelskspråklege verden vert introdusert til elevane med ein Google presentasjon (sjå nede). Presentasjonen omfattar integrert video, lenkjer, bilde og tekst for å få vist fram eigenskapane til presentasjonsverktøyet. 

Etter at elevane hadde valt grupper og land, fekk dei ein kort introduksjon til Google dokumenter. Fleire av elevane hadde allereie Google konto, andre oppretta konto i timen. Deretter laga ein elev i kvar gruppe ei mappe (oppkalt etter landet deira) som han el. ho delte med dei andre på gruppa og meg som lærar. Så fekk elevane prøve på oppretting av dokument og samskriving, før vi starta opp gruppearbeidet. 

Korleis gjekk det? Sjå erfaringar i neste innlegg!