I gruppa vår valde vi å avgrense temaet "Ungdom og medievanar" til nettmobbing, som er ein relativt ny men alvorleg form for mobbing. Sidan den digitale mobbinga aukar er det viktig av vi som lærarar har kunnskap om problemet. Bratvold og Kyrkjebø (2009, s. 96) peiker på at:
"[s]elv om en elev driver med digital mobbing av en medelev fra privat PC på fritid skal skolene gripe inn dersom dette medfører at den mobbede eleven får et dårligare psykososialt miljø på skolen."
Vi kan altså ikkje lukke auga våre og tenkje at slik mobbing ikkje angår oss. I vår wiki, samath,(sabine, maria og theresa) har vi m.a. prøvd å sjå på årsaker til og konsekvensar av nettmobbing og kva vi kan gjere med problemet. På vår diigo side finst fleire lenkjer til relevant materiale om nettmobbing.
Samskriving i wiki var ein interessant prosess. Det er veldig nyttig for oss å oppleve samskriving som studentar - det gir oss større innsikt i kva det er vi forventar av elevane våre. I følgje Eritsland (2008) er samskriving det at "fleire skaper ein felles tekst" (2008, s. 10). Har vi greidd det? Ja, vi håper det.
Vi har samarbeidd og diskutert struktur og innhald på wikien vår, vorte einige og så delt ansvaret mellom oss (fysiske møten og diskusjonar, ikkje online). Vi har lese kvarandre sine artiklar og gitt tilbakemelding på dei. Vi har også prøvd å bidra i alle artiklar, men her møtte vi vår største utfordring: det å forandre innhald i "andre" sine tekstar. I eit blogginnlegg om interaktiv skriving, basert på erfaringar frå klasserommet, fortel Magnus H.S. at elevane hans ikkje likar å gjere endringar i andre sine wiki-artiklar, fordi dei føler at den som skreiv teksten også "eiger" den." Sånn var det nok for oss og. I staden blei det mest retting av kvarandre sitt språk, noko som ga oss nok arbeid, sidan gruppa har svensk, tysk og engelsk som morsmål. Saman har vi kanskje vorte flinkare nynorsk skribentar! I tillegg har vi lært mykje om nettmobbing og om wiki som eit sosialt medium.
Takk til Sabine og Theresa! Tenk at vi er ferdige!

Kjelder:
Bratvold, Eva og Kyrkjebø Frode (2009). IKT i skolen. Kven, kva, korleis og kvifor?
Eritsland, Alf Gunnar (2008). Samskriving - Ny veg i skriveopplæringa. Oslo. Samlaget.
Magnus H.S. "Interaktiv skriving gir bedre læring" - deltemeninger.no

Godt jobba og takk for samarbeidet :)
SvarSlett